Lærlingebedrift
Lindstad Bygg er ei godkjent opplæringsbedrift og tar årleg i mot lærlingar. Me prøver å ha ein til to lærlingar til ei kvar tid.
Det er ofte utplasseringselever frå byggfag på vidaregåande som fortset som lærlingar hjå oss.
Behovet for fagarbeidarar eller personar med anna fagutdanning aukar, og me i Lindstad Bygg meiner det er viktig å støtte opp om lærlingordninga for å rekruttera nye tømrarar til yrket.
Send oss gjerne ein søknad om du er interessert i å vere lærling hjå oss!