-
Eigarforhold
Tidlegare Brattebø ByggEinar Lindstad eig Lindstad Bygg AS gjennom firmaet Heimabygg AS.
Einar er dagleg leiar og prosjektleiar i bedrifta.
-
Opplæring
Me tar ansvar for bransjen og norsk fagmiljøLindstad Bygg er ei godkjent opplæringsbedrift og tar årleg i mot lærlingar. Me prøver å ha ein til to lærlingar til ei kvar tid.
Det er ofte utplasseringselever frå byggfag på vidaregåande som fortset som lærlingar hjå oss.
Behovet for fagarbeidarar eller personar med anna fagutdanning aukar, og me i Lindstad Bygg meiner det er viktig å støtte opp om lærlingordninga for å rekruttera nye tømrarar til yrket.
Send oss gjerne ein søknad om du er interessert i å vere lærling hjå oss!
-
HMS
Viktig moment i val av leverandørSom bedrift ynskjer me å legge tilhøva til rette for eit godt arbeidsmiljø. HMS er eit viktig verktøy for at me skal få dette til, og me arbeider jamt med å fremje dette arbeidet.
-
Historie
Ei tradisjonsrik vossaverksemd2016 – Brattebø Bygg endrar namn til LINDSTAD BYGG AS, og får ein ny og moderne profil.
Bedrifta har ein stabil arbeidsstokk med 12 tømrarar, 2 lærlingar òg ein sjåfør / hjelpemann. I administrasjonen er det ein adm.ansvarleg og ein prosjektleiar i tillegg til Einar Lindstad som er dagleg leiar. Bedrifta har røynde tømrarar med brei og god erfaring frå ulike oppdrag, alt frå store restaureringsprosjekt til nybygg.
2010 - Einar Lindstad kjøper bedrifta.
2000 - Brattebø Bygg kjøper firmaet Kolle & Lindstad Bygg ANS. Einar Lindstad som er ein av eigarane av dette firmaet starta som prosjektleiar i Brattebø Bygg AS.
1989 – Bedrifta Brattebø Bygg AS vært stifta etter at Johannes Brattebø overtek firmaet «Byggmester Andreas Brattebø» av far sin.
1971 – Andreas Brattebø overtek bedrifta «Skjeldal & Skjeldal Byggjeverksemd».
1930 – Starten! Brødrene Erik og Lars Skjeldal startar opp «Skjeldal & Skjeldal Byggjeverksemd»